Haustmarknaden i Suldal tek ein pust i bakken 2025
Tusen takk til Cato Zahl Pedersen, Vidello, Sand Musikkorps, utstillarar, leverandørar, samarbeidspartnarar og ikkje minst besøkjande for ein flott dag på marknad! 1619 personar besøkte marknaden i Bergekrossen i år!🤩
Haustmarknaden i Suldal tek ein pust i bakken
I godt over 30 år har Haustmarknaden i Suldal vore ein naturleg møtestad første helga i oktober. I år tek marknaden ein pause – men han kjem tilbake!
Marknaden, som Autagro Møgedal har arrangert i samarbeid med handelsstanden og Suldal kommune, har lange og stolte tradisjonar. Lokalmat, husdyr, reiskapar, køyretøy, landbruksmaskinar og handverk har stått i sentrum – saman med eit underhaldningsprogram for heile familien. Marknaden har vore ein viktig møteplass for både fastbuande og hyttefolk.
– Dette har utvikla seg til å bli eit stort og inspirerande arrangement, seier Leif Bakka, avdelingsleiar i Autagro Møgedal og prosjektleiar for Haustmarknaden. – Men det krev mykje arbeid. På grunn av manglande ressursar har me valt å setje marknaden på pause i år. Me håpar å vere tilbake med ny marknad i 2026.
Det er først og fremst menneskelege ressursar som gjer at ein no må ta ein pause. Både Ryfylkefondet og Suldal kommune har støtta marknaden økonomisk i år , noko Bakka set stor pris på.
– Det er flott å kjenne støtte frå lokale og regionale aktørar. Det viser at dei har tru på det me har bygd opp. Men for oss er det viktig å kunne gjennomføre arrangementet på ein skikkeleg måte. Slik situasjonen er i bedrifta i dag, har me rett og slett ikkje kapasitet. Difor tek me no ein pause , men dette er ikkje slutten, understrekar Bakka.
Han nærmar seg sjølv pensjonsalder og går av i slutten av juni. Det betyr òg at marknaden treng ei ny organisering.
– Det er fleire samantreff som gjer at me no treng eit år til å rigga oss på nytt. Me har sterk respekt for marknaden og kva han betyr for lokalsamfunnet. Difor ønskjer me ikkje å arrangere noko halvvegs. Når me først skal ha marknad, skal det gjerast skikkeleg, seier Bakka.
Han håpar alle dei som hadde gledd seg til marknadsdagen i oktober vil kome tilbake neste gong Haustmarknaden igjen går av stabelen i Bergekrossen.
Velkommen neste år!